Vi kjem fram til Istanbul og den pulserande storbyen som gjennom tusen år har vore eit sentrum for handel og kultur. Her, i det som ein gong var Konstantinopel, gjekk også Harald Hardråde sine steg. Etter slaget på Stiklestad i 1030 drog han i eksil austover, og rundt 1034 kom han til Miklagard, nordbuane sitt namn på den bysantinske hovudstaden. Her gjekk han i keisarleg teneste som del av væringgarden, elitestyrken av nordiske krigarar, som vakta keisaren og kjempa for Austromarriket. I nær eitt tiår var Harald knytt til byen og riket, og han deltok i felttog på Sicilia, i Middelhavet, på Balkan og i Lilleasia.
Etter sein innsjekking på hotellet set vi av tid til å bli kjende med fasilitetane og finne oss til rette, før vi ladar opp til innhaldsrike og opplevingsrike dagar.
Vi startar dagen med ein god frukost på hotellet, før vi får det første foredraget frå Tore Skeie. Aftenpostens avismeldar skriv dette om boka hans: “Tore Skeies biografi om Harald Hardråde er en solid bauta over Norges siste vikingkonge.” Dagbladet kallar boka ein maktdemonstrasjon.
Etter foredraget legg vi ut på oppdagingsferd i det historiske Konstantinopel. Vi følgjer delar av dei mektige bymurane som i nær tusen år gjorde byen nesten uinntakeleg. Ved Den gylne port kjem vi tett på den seremonielle inngangen der sigrande keisarar ein gong gjorde sitt inntog i byen.
Vi besøker òg restane av Bucoleon-palasset ved Marmarahavet, som var blant dei viktigaste residensane til dei bysantinske keisarane. Etter lunsj ventar den fascinerande Basilikasisternen, eit underjordisk meisterverk av søyler og vatn som vitnar om den tekniske kunnskapen i det austromerske riket.
Dagen blir avslutta med ein times båttur på Bosporos, der vi får oppleve byen frå sjøen og sjå korleis Europa og Asia møtest langs dei travle vassvegane.
Middag om kvelden på eiga hand på hotellet eller på ein av dei koselege restaurantane i nærleiken.
(F, L)
.jpeg)
I dag går vi inn i sjølve sentrum av det gamle Konstantinopel. Først ventar Hagia Sofia, eit av verdas mest imponerande byggverk og eit symbol på den bysantinske storheita. Gjennom nær 1500 år har bygningen vore vitne til keisarar, krossfararar, sultanar og millionar av besøkande.
Deretter besøker vi Den blå moské, kjend for sine vakre kuplar, minaretar og utsøkte keramikkdekorasjonar.
Vi tek òg turen til området der den gamle hippodromen låg. Her samla innbyggjarane seg til hesteveddeløp, folkefestar og politiske markeringar. På mange måtar var dette Konstantinopels pulserande sentrum.
Etter lunsj går ferda vidare til Grand Bazaar, ein av verdas eldste og største overbygde marknadsplassar. Her får vi oppleve den levande handelsbyen Istanbul på nært hald. Vi besøker òg eit tradisjonelt teppeatelier før vi avsluttar dagen i den fargerike Krydderbasaren.
Om kvelden går vi om bord på eit stemningsfullt middagscruise på Bosporos. Med Istanbul opplyst rundt oss får vi oppleve byen frå same synsvinkelen som handelsmenn, pilegrimar og eventyrarar har gjort gjennom hundrevis av år. Undervegs blir det middag og tradisjonell tyrkisk underhaldning.
(F, L, M)

Etter frukost går vi til konferanserommet for det siste fordraget frå Tore Skeie. Deretter står dagen delvis open for eigne opplevingar, og gir høve til å oppsøkje eigne favorittar eller berre ta inn stemninga i byen. Dei som vil, kan også bli med reiseleiar på ein av dei mange eksotiske marknadene i byen.
Om kvelden samlast vi til gallamiddag på Okra Restaurant. Med utsikt over det vakre bylandskapet blir dette ei verdig avslutning på nokre innhaldsrike dagar i ein av verdas mest fascinerande storbyar.
(F, M)

Etter frukost har vi litt tid til eigen disposisjon før vi set kursen mot flyplassen.
Vi reiser heim med nye perspektiv og ei djupare forståing av historia. I tillegg har vi fått oppleve dagens Istanbul, ein av dei mest spennande storbyane i verda.
(F)
Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.