Skip to main content

I nasjonalromantikkens fotefar – med Tommy Sørbø i Balestrand

22. - 25. mai 2026.

Velkommen med på ei nasjonalromantisk oppleving i fagre og fruktblømande Balestrand denne våren! I desse vakre kulissane bur vi godt på ærverdige Kviknes hotell med røter tilbake til 1752. Med oss har vi kunsthistorikar og kulturformidlar Tommy Sørbø. Med si engasjerande og levande forteljarevne vil han lose oss gjennom historia, kunsten og ideane som forma den nasjonalromantiske rørsla i kunsten.

Som ein del av programmet deltek vi på opninga av ei ny kunstutstilling om Hans Dahl på Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand. Han var kunstnaren som med sine fjordmotiv og folkedraktkledde skikkelsar har blitt eit ikon for den nasjonalromantiske perioden. Vi får også besøkje den praktfulle residensen hans, Villa Strandheim.

Frode Skag Storheim er klassisk pianist og elles forfattar av boka Hans Dahl – livsgledens maler, og er ein sjølvskreven bidragsytar denne helga. Den nasjonalromantiske epoken står i sentrum i Balestrand, og det vert både historisk festmiddag på Kviknes, hagefest, og i tillegg vakre tonar på piano av Skag Storheim.

 

 

 

Søk

Bildegalleri

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: 22. mai - Velkommen til maleriske Balestrand

    Transport på eiga hand til Balestrand. Det seiest at det finst fleire vegar til Roma, noko som også er tilfellet for Balestrand. Hit kjem ein med busskorrespondanse og privatbil, men den vakraste måten å ta seg hit på er fjordvegen. Både Oslo og Bergen har daglege togavgangar via Flåmsbana ned til kaia i Flåm i Aurland. Derifrå går det daglege avgangar med snøggbåt vidare utover fjorden og legg til kai like ved Kviknes hotell.

    Vi kjem til Balestrand til ulike tider og møter reiseleiaren frå Fotefar i resepsjonen på Kviknes Hotel frå klokka 15.00. Historia til hotellet går heilt tilbake til 1752 og står i sin praktfulle sveitserstil sjølv etter fleire ombyggingar og utvidingar. Berre ein tur i salongane for å sjå på dei flotte måleria, er som å gå på eit kunstmuseum.

    Klokka 18.00 samlast vi for eit velkomstmøte i den praktfulle Høyviksalen. Denne salen vert rekna som livsverket til kunsthandverkaren Ivar Høyvik med dei flotte utskjeringane og  møbler hans og elles måleri frå fleire store kunstnarar. Deretter vil sjølvaste hotelldirektør Sigurd Kvikne fortelje om den spennande historia til denne ærverdige bygninga. Her får vi også sjå både video og fotografi frå tidlegare tider i Balestrand som blant anna frå Keisartida med keisar Wilhelm II som oppheldt seg særleg mykje her.

    Kveldens høgdepunkt blir så det første kåseriet til kunsthistorikaren Tommy Sørbø. Deretter vert det buffémiddag i matsalen som har flott utsikt over mektige Sognefjorden. Hotellet er også kjent for å ha eit rikt utval av gode vinar. Vi avsluttar kvelden med ein eigen privatkonsert med pianist Frode Skag Storheim.
    (M)

    22. mai - Velkommen til maleriske Balestrand
  • Dag 2: Laurdag 23. mai - Utstillingsopning

    Dette er dagen for opninga av den nye Hans Dahl utstillinga ved Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand. I regi av Frode Skag Storheim vert det omvising i denne unike utstillinga med fokus på måleri frå Balestrand og Sogn. Nasjonalromantisk kunst er eit sjølvskrive tema når det deretter vert arrangert paneldebatt med blant andre Frode Skag Storheim og Tommy Sørbø.

    Etter lunsj reknar vi med å kunne arrangere hagefest ved Villa Strandheim - praktvillaen i drakestil som var Dahls sommarresidens i mange år. Her let han seg inspirere, og fleire av motiva han har måla, er henta herifrå. Det var også her Dahls gode ven Keisar Vilhelm II av Tyskland var på besøk sommaren 1914 då han fekk meldinga om ultimatumet frå Austerrike til Serbia som kom til å føre til første  verdskrig.

    Ved fjordkanten her får vi servert både noko godt i glaset i tillegg til vakre tonar frå Skag Storheim og kona hans Berit Hella Lindberg. Vi håpar også på å komme endå tettare inn på Dahl ved å få tilgang til den privateigde Villa Strandheim.

    Om kvelden er det duka for historisk middag på Kviknes Hotell (mogleg val mot tillegg i pris). Kjøkensjefen har sett opp ein meny som er tidstypisk for perioden Dahl og fleire andre i kunstmiljøet levde og verka i Balestrand. Her vert det kvite nystrokne dukar, levande lys, pent servise og tidsriktig kledde servitørar. Dei klassiske matsalane på hotellet og den vakre fjordutsikta er ei perfekt ramme for ei slik oppleving.
    (F)

    Laurdag 23. mai - Utstillingsopning
  • Dag 3: Søndag 24. Mai - Kunstvandring i fruktblømande Balestrand

    Etter ein god og lang frukost tek vi kaffikoppen med oss inn i Høyviksalen for nok eit spennande foredrag med Tommy Sørbø.

    Formiddagen har ein elles til eigen disposisjon i fruktblømande Balestrand.

    Om ettermiddagen får vi følgje med den lokale kulturformidlaren Eli Grete Høyvik på ei interessant kulturvandring. Her skal vi innom fleire autentiske perler frå kunstgullalderen i Sogn.

    Første stopp er kunstnarvillaen Villa Heimdalstrand reist i 1910 av den tyske målarinna Emma Normann. Ho var dotter av Eilert Adelsten Normann, og begge var sentrale i kunstnarkolonien Balestrand. Emma måla i den nasjonalromantiske stilen med vestlandske fjordar og fjell og ofte med bunadskledde jenter. Ho var også sterkt oppteken av norrøn mytologi og historiske motiv. Interiør og eksteriør i villaen er utskore av same Ivar Høyvik og tek oss tilbake til ei tid då kunst og arkitektur stod i sentrum.

    Neste stopp er St Olafs Church eller Engelskkyrkja på folkemunne, som vart bygd i stavkyrkjestil i 1897. Kyrkja vart bygd til minne om Margaret Sophie Green Kvikne. Ho var prestedotter frå England som kom til Vestlandet for å gå i fjellet på dei høgste tindane. Denne interessa førde henne til Balestrand der ho møtte og gifte seg med Knut Kvikne, som var medeigaren i Kviknes Hotel. Etter ho døydde i 1894, oppfylte mannen ønsket hennar om å få bygd ei engelsk kyrkje i Balestrand. Denne vesle, vakre kyrkja er eit sterkt symbol på dei kulturelle banda mellom Balestrand og engelske kunstnarar og reisande på slutten av 1800-talet. Kvar sommar gjer engelske prestar framleis teneste her.

    Kunsthandverk er det som pregar Høyvikhuset, som var bygd av Ivar og Eli Høyvik. Ivar laga møblar i drakestil, til og med ein stol til den tyske keisaren. Eli broderte, vov og laga bunader med plantefarga garn. Huset er ført tilbake til stilen frå byggjeåret 1910. Det er elles lanseringsfest for boka Drakar og åklevev – Eli og Ivar Høyvik i Balestrand denne søndagen.

    Buffémiddag om kvelden.
    (F, M)

    Søndag 24. Mai - Kunstvandring i fruktblømande Balestrand
  • Dag 4: Måndag 25. mai - Siste ord og nye tankar

    Etter frukost er det klart for det tredje og siste kåseriet til Tommy Sørbø. Deretter vil deltakarane komme til ordet med innlegg og synspunkt på emna som Tommy har teke opp desse dagane på Kviknes Hotell.

    Vi reknar med å avslutte programmet ca. kl. 11.30. Deretter blir det utsjekking og lunsj på eiga hand før heimreise til ulike tider.
    (F)

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
22/5BalestrandMeir enn 89 750,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo