
1. - 5. september 2027.
Velkommen med på ein tur full av musikk og musikkhistorie – frå irsk tradisjonsmusikk til rock og pop. Vi startar kvar dag med Bård Ose sine kåseri på hotellet, der han fortel historier og anekdotar om Thin Lizzy, Van Morrison, Rory Gallagher og U2 og andre irske musikarar. Bård har blant anna gitt ut bøker om band som The Beatles og The Rolling Stones, skreve om rock- og pop-miljøet i Bergen og vore medforfattar av det mykje omtykte “Norsk pop & rockleksikon”. I over to tiår var han ein av stemmene bak radioprogrammet «P.I.L.S.» på NRK P1 — og har også vore programleiar for «Ren 60» og «Gammelnorsk» på P1+. Nyleg har han takka for seg etter over 27 år i NRK-universet, og står no klar til å ta deg med på denne musikalske opplevinga.
Vi skal sjølvsagt innom det berømte området Temple Bar. Her skal vi ut på pubar med den beste irske tradisjonsmusikken og elles besøk på Irish Rock ‘N’ Roll Museum. Eit anna høgdepunkt er ein tur til legendariske Windmill Lane Studios, der fleire store stjerner har spelt inn plater. Velkommen med på ein unik tur stappfull av store musikkopplevingar!













