Skip to main content

Istanbul med Tore Skeie

29. oktober - 02. november 2026.

Bli med til Istanbul, byen der aust møter vest, og der historia ligg lag på lag rundt oss. På denne reisa følgjer vi i spora etter Harald Hardråde, vikingkongen som tente som leigesoldat i keisarens livgarde i Konstantinopel. Gjennom forelesingar og møte med byen slik han er i dag, kjem vi tett på den dramatiske og fascinerande historia.

Med historikar Tore Skeie som formidlar, får vi eit unikt innblikk i ei av dei mest spennande epokane i norsk og europeisk historie, der trådane strekkjer seg heilt fram til vår eiga tid. Boka hans, Hardråde - om Harald Sigurdsson og hans verden har hausta gode kritikkar og begeistra mange lesarar.

 

Vi får også oppleve dagens Istanbul, ein pulserande storby full av lydar, lukter og smakar, der tradisjon og moderne byliv møtest. Mellom basarar, moskear, kaffihus og travle gater opplever vi ein by som framleis er eit knutepunkt mellom ulike kontinent og kulturar. Vi let oss lokke av krydderdufter, fersk bakst, tyrkisk te og smårettar frå det rike kjøkenet, og tek oss tid til marknadene der folkelivet gir oss eit levande innblikk i Istanbul slik byen er i dag.

Sjå alle våre turar med Tore Skeie her!

Søk

Bildegalleri

Viktig informasjon

Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 29. oktober – Avreise og framme i Istanbul

    Vi kjem fram til Istanbul og den pulserande storbyen som gjennom tusen år har vore eit sentrum for handel og kultur. Her, i det som ein gong var Konstantinopel, gjekk også Harald Hardråde sine steg. Etter slaget på Stiklestad i 1030 drog han i eksil austover, og rundt 1034 kom han til Miklagard, nordbuane sitt namn på den bysantinske hovudstaden. Her gjekk han i keisarleg teneste som del av væringgarden, elitestyrken av nordiske krigarar, som vakta keisaren og kjempa for Austromarriket. I nær eitt tiår var Harald knytt til byen og riket, og han deltok i felttog på Sicilia, i Middelhavet, på Balkan og i Lilleasia.

    Etter sein innsjekking på hotellet set vi av tid til å bli kjende med fasilitetane og finne oss til rette, før vi ladar opp til innhaldsrike og opplevingsrike dagar.

  • Dag 2: Fredag 30. oktober – Bysantinsk storheit

    Vi startar dagen med ein god frukost på hotellet, før vi får det første foredraget frå Tore Skeie. Aftenpostens avismeldar skriv dette om boka hans: “Tore Skeies biografi om Harald Hardråde er en solid bauta over Norges siste vikingkonge.” Dagbladet kallar boka ein maktdemonstrasjon.

    Etter foredraget legg vi ut på oppdagingsferd i det historiske Konstantinopel. Vi følgjer delar av dei mektige bymurane som i nær tusen år gjorde byen nesten uinntakeleg. Ved Den gylne port kjem vi tett på den seremonielle inngangen der sigrande keisarar ein gong gjorde sitt inntog i byen.

    Vi besøker òg restane av Bucoleon-palasset ved Marmarahavet, som var blant dei viktigaste residensane til dei bysantinske keisarane. Etter lunsj ventar den fascinerande Basilikasisternen, eit underjordisk meisterverk av søyler og vatn som vitnar om den tekniske kunnskapen i det austromerske riket.

    Dagen blir avslutta med ein times båttur på Bosporos, der vi får oppleve byen frå sjøen og sjå korleis Europa og Asia møtest langs dei travle vassvegane.

    Middag om kvelden på eiga hand på hotellet eller på ein av dei koselege restaurantane i nærleiken.
    (F, L)

    Fredag 30. oktober – Bysantinsk storheit
  • Dag 3: Laurdag 31. oktober – Keisarens palass og løynde rom

    I dag går vi inn i sjølve sentrum av det gamle Konstantinopel. Først ventar Hagia Sofia, eit av verdas mest imponerande byggverk og eit symbol på den bysantinske storheita. Gjennom nær 1500 år har bygningen vore vitne til keisarar, krossfararar, sultanar og millionar av besøkande.

    Deretter besøker vi Den blå moské, kjend for sine vakre kuplar, minaretar og utsøkte keramikkdekorasjonar.

    Vi tek òg turen til området der den gamle hippodromen låg. Her samla innbyggjarane seg til hesteveddeløp, folkefestar og politiske markeringar. På mange måtar var dette Konstantinopels pulserande sentrum.

    Etter lunsj går ferda vidare til Grand Bazaar, ein av verdas eldste og største overbygde marknadsplassar. Her får vi oppleve den levande handelsbyen Istanbul på nært hald. Vi besøker òg eit tradisjonelt teppeatelier før vi avsluttar dagen i den fargerike Krydderbasaren.

    Om kvelden går vi om bord på eit stemningsfullt middagscruise på Bosporos. Med Istanbul opplyst rundt oss får vi oppleve byen frå same synsvinkelen som handelsmenn, pilegrimar og eventyrarar har gjort gjennom hundrevis av år. Undervegs blir det middag og tradisjonell tyrkisk underhaldning.

    (F, L, M)

    Laurdag 31. oktober – Keisarens palass og løynde rom
  • Dag 4: Søndag 1. november – Frå saga til samtid

    Etter frukost går vi til konferanserommet for det siste fordraget frå Tore Skeie. Deretter står dagen delvis open for eigne opplevingar, og gir høve til å oppsøkje eigne favorittar eller berre ta inn stemninga i byen. Dei som vil, kan også bli med reiseleiar på ein av dei mange eksotiske marknadene i byen.

    Om kvelden samlast vi til gallamiddag på Okra Restaurant. Med utsikt over det vakre bylandskapet blir dette ei verdig avslutning på nokre innhaldsrike dagar i ein av verdas mest fascinerande storbyar.

    (F, M)

    Søndag 1. november – Frå saga til samtid
  • Dag 5: Måndag 02. november – Heimreise

    Etter frukost har vi litt tid til eigen disposisjon før vi set kursen mot flyplassen.

    Vi reiser heim med nye perspektiv og ei djupare forståing av historia. I tillegg har vi fått oppleve dagens Istanbul, ein av dei mest spennande storbyane i verda.
    (F)

  • Viktig informasjon

    Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.

Kart

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
29/10BergenIstanbulFullbooka, venteliste21 950,-Book på ventelisteMer informasjon
29/10OsloIstanbulFullbooka, venteliste19 950,-Book på ventelisteMer informasjon
29/10Utan flyreiseIstanbul
Utan flyreise
Fullbooka, venteliste16 950,-Book på ventelisteMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo