Vi startar dagen med ein ekte irsk frukost før vi møtest på konferanserommet på hotellet for Bård Ose si forelesing. Her får vi servert anekdotar og morosame historier frå irsk rockehistorie. Ein tidlegare deltakar på tur med Bård sa dette om forelesingane hans: «Det er fantastisk å starte dagen med så mykje godt humør og latter.»
Elles har ein mykje av denne dagen på eiga hand. Ein kan gjerne spørje reiseleiaren om tips til kva ein kan gjere denne dagen.
Om ettermiddagen møtest vi att på hotellet for Bård Ose sitt andre foredrag, før vi er klare for endå eit høgdepunkt på turen: Irsk kveld på The Merry Ploughboy Pub. Denne tradisjonsrike puben og konsertstaden ligg ein liten køyretur med buss utanfor Dublin, og er kjend som ein av dei aller beste musikkpubane i heile Irland. Den har vunne både prisen Music Pub of the Year in Ireland og Best Dinner/Entertainment Event in Ireland kvart år frå 2011-2018, med unntak av 2015. I tillegg er det den einaste musikkpuben i Irland som er eigd av musikarane sjølve.
Vi får først servert ein treretters middag der ein kan velje mellom hovudrettar med irsk vri, som Guinness-marinert stuing av Angus-biff og kylling frå Limerick med irsk potetkake. Etter middag startar sjølve showet med både irsk tradisjonsmusikk og dans. Det blir også ei oppvising med Riverdance.
Buss tilbake til hotellet vårt i Dublin sentrum etterpå.
(F, M)
Om ettermiddagen møtest vi att på hotellet for Bård Ose sitt andre foredrag, før vi er klare for endå eit høgdepunkt på turen: Irsk kveld på The Merry Ploughboy Pub. Denne tradisjonsrike puben og konsertstaden ligg ein liten køyretur med buss utanfor Dublin, og er kjend som ein av dei aller beste musikkpubane i heile Irland. Den har både vunne prisen Music Pub of the Year in Ireland og Best Dinner/Entertainment Event in Ireland kvart år frå 2011-2018, med unntak av 2015. I tillegg er det den einaste musikkpuben i Irland som er eigd av musikarane sjølve.