Skip to main content

Om Erle Marie Sørheim

Erle Marie Sørheim er forfattar og journalist, og ein fagguide som verkeleg kjenner byen ho formidlar. Ho har budd i Berlin i heile 17 år og har skrive fleire bøker om historia, kvardagslivet og dei mange laga som har forma denne heilt særeigne storbyen.

Med Erle som guide kjem du tett på eit Berlin som er meir enn dei kjende landemerka. Ho tek deg med inn i bydelar, bakgårdar og små gater der historia framleis sit i veggane. Her møtest det store og det nære: verdspolitikk og gatekunst, dramatiske hendingar og heilt vanlege liv.

Erle er ein engasjert og levande formidlar, full av forteljingar, anekdotar og personlege observasjonar. Ho kjenner byen frå innsida og deler raust av kunnskapen sin. Med hennar imponerande lokalkunnskap og smittande entusiasme opnar ho dørene til eit Berlin dei færraste får sjå på eiga hand.

Å reise med Erle Marie Sørheim er å oppleve Berlin med hovudet, hjartet og sansan, og å sitje att med ei djupare forståing av kvifor denne byen framleis fascinerer og utfordrar oss.

Søk
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo