Ivar Storm Peersen, eller Ivar Bjørnson som han óg er kjend som, er ein legende innan metal-miljøet både i Noreg og utlandet.
Han er gitarist og med-grunnleggar av bandet Enslaved, som har gjort stor suksess. Dei har blant anna vunne Norsk Artistforbunds Ærespris, fem Spellemannsprisar og ein alarmpris.
Ivar er eit levande leksikon når det kjem til Pink Floyd, og er ein døropnar og historieformidlar om temaet som fengslar dei fleste. Turane hans er fylt av forteljingar og innsikt frå heile den britiske musikkhistoria.



