Skip to main content

Temareiser med Terje Tvedt | Fotefar Temareiser

Terje Tvedt er professor, forfattar og dokumentarfilmskapar, og ein av verdas fremste ekspertar på Nilen og vatnet si historie. Han har vore professor i globalhistorie ved Universitetet i Oslo og i geografi ved Universitetet i Bergen, og er i dag forskingsprofessor ved Nasjonalbiblioteket.

Bøkene hans har skapt stor debatt i Noreg, og fleire er omsette til mellom anna arabisk, kinesisk, engelsk, tysk og italiensk. Blant dei mest kjende er Nilen. Historiens elv, Det internasjonale gjennombruddet og Verdenshistorie. Med fortiden som speil.

Han har motteke både Fritt Ords Pris og Forskingsrådets formidlingspris. Dokumentarane hans er viste over heile verda, og A Journey in the History of Water vann førstepris som verdas beste miljødokumentar i 1998.

Slik er det å reise med Terje

Tvedt har forska på Nilen i over tretti år. Elva renn gjennom elleve land og er livsviktig for millionar av menneske, men ho er òg ei kjelde til konflikt og kamp om ressursar.

Han held foredrag undervegs, og han gjer det same som i bøkene: han set det du ser rett framfor deg inn i ein samanheng som er mykje større. Ein dam, ei elv eller ein by blir plutseleg eit stykke verdshistorie.

Kva slags reiser?

Terje er fagguide på elvecruise og på kortare reiser i Noreg der han tek for seg store historiske linjer.

Søk
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo