Tommy Sørbø er ein engasjert kunsthistorikar, folkeopplysar og samfunnsdebattant, som sidan 1990-talet har formidla kunst og kultur i radio og fjernsyn. Han har lang fartstid som reiseleiar til mellom anna Italia, der han sjølv har budd. Han har òg verka som biletkunstnar og vore representert fleire gonger med måleri ved Statens Høstutstilling. I 1991 hadde han separatutstilling på Galleri 27 i Oslo.
Sørbø har vore tekstforfattar for fleire av NRKs humor- og satiremagsin i radio og fjernsyn, og har skrive skodespel, høyrespel og scenetekstar for ei rekkje norske institusjonsteater. Han har dessutan skrive ei rekkje fagbøker om ulike emne innan alt frå kunst og filosofi til meteorologi og historie, fleire av dei med ein humoristisk vinkling. I 2003 gav VGs meldar «Noregs kunsthistorie – ein kladd» terningkast seks og karakteriserte boka som årets morsomaste.
I 2007 skreiv han den satiriske romanen «Søppel», mellom anna basert på eigne erfaringar og opplevingar frå si verksemd som museumslektor ved Nasjonalgalleriet. Sørbø har eit rykte for å vere ein engasjert og underhaldande formidlar, og seier sjølv: «Eg trur framleis det er mogleg å le og bli klok på same tid.»



