Skip to main content

Andre verdskrig og jødisk historie med Guri Hjeltnes

5. - 12. mai 2026.

Warszawa – Treblinka - Łódź - Wrocław - Praha.

Bli med historikar og fagguide Guri Hjeltnes på ei gripande reise gjennom jødisk kultur, historie og arv. Frå Warszawas mektige minnesmerke til dei skjøre spora etter jødiske samfunn i Łódź og Wrocław, og vidare til Praha. Denne turen gir deg eit unikt innblikk i den jødiske kulturens rikdom og tragedie. 

Gjennom heile turen får vi oppleve gripande forteljingar frå andre verdskrigen. Vi besøkjer Warszawa-gettoen, ser minnesmerket i Treblinka , og går i fotspora til jødiske samfunn som ein gong blømde i Łódź og Wrocław. I Praha utforskar vi korleis jødisk kultur har forma byen gjennom historia, med besøk innom fleire synagogar og gravstader. Med djupe innsikter frå lokale ekspertar og personlege forteljingar, får vi ei unik tilnærming til korleis fortida framleis pregar Europa i dag. 

Guri Hjeltnes er direktør ved Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoraritetar (HL-senteret). Ho er historikar, journalist og ein av Noregs fremste formidlarar av krigshistorie, og vil på denne turen guide oss gjennom ei reise som kombinerer kultur og historie. 

Dette er ei reise som gir rom for både kunnskap, refleksjon og inspirasjon – med sterke historiske inntrykk.  

 

Søk

Bildegalleri

Viktig informasjon

Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Tysdag 5. mai - Fly til Warszawa

    Reisa startar med avgang frå Oslo til Warszawa på morgonen. Etter ankomst blir det transport til hotellet. Vi set frå oss bagasjen på hotellet, og deretter blir det ein roleg spasertur i Lazienki-parken, den største og vakraste parken i Warszawa. Her kan du sjå Chopin-statuen og nyte dei fredfulle omgivnadene rundt Lazienki-palasset, også kjent som «Palasset på vatnet». Etter vandringa tek vi ein god lunsj på ein lokal restaurant. 

    Vi avsluttar føremiddagen med eit besøk til det jødiske historiske instituttet, der ein mellom anna kan sjå delar av Ringelblum-arkivet, eit unikt underjordisk arkiv frå Warszawa-gettoen. 

    Etter museumsbesøket, sjekkar vi inn på hotellet. Resten av dagen kan du nytte til å utforske Warszawa. Her kan du besøke Nozyk-synagogen, den einaste synagogen i Warszawa som overlevde andre verdskrigen, eller gå til Grzybowski-plassen, eit område som ein gong var hjartet i det jødiske Warszawa. Viss ein har lyst å besøke museum, så kan ein ta turen innom det interaktive Warszawa Uprising Museum. Museet fortel historia om den heroiske, men tragiske, oppstanden mot den tyske okkupasjonen i 1944. Dette museet gir ei sterk og engasjerande innleiing til Warszawas krigshistorie. 

    Dersom du vil utforske meir av Warszawa kan du ta turen til det kulturelt mangfaldige Praga-distriktet, som er kjend for å ha bevart mykje av det originale Warszawa. Her finn du historiske bygningar, gatekunst, og spor etter jødiske samfunn, inkludert synagoger og det jødiske bakeriet. Distriktet har også blitt eit mekka for kunstnarar og hippe kafear. Vi avsluttar dagen med felles middag. 
    (L, M) 

  • Dag 2: Onsdag 6. mai - Utforsking av Warszawa

    Dagen startar med eit foredrag av Guri før vi besøker Polin, museet for jødane si historie i Polen, som tek oss gjennom 1000 år med jødisk liv og kultur. Utstillinga er ei reise gjennom åtte galleri, rikt på visuelle scener, historiske gjenstandar og rekonstruerte miljø. Polin-museet har vunne fleire internasjonale prisar og gir ei ugløymeleg oppleving. 

    Ved sida av museet finn vi monumentet over Warszawa-opprøret, der Willy Brandt fall på kne i ei historisk markering. Her står også statuen av Jan Karski, diplomaten som prøvde å varsle dei allierte om Holocaust.  

    Etter besøket blir det lunsj på eiga hand og fritid.  

    På ettermiddagen møtast vi for byvandring gjennom Warszawas historiske gamleby, som er på UNESCO si verdsarvliste, og den bevarte muren. Gamlebyen blei nesten heilt øydelagd under andre verdskrigen, men er vakkert gjenoppbygd. På vandringa oppdagar vi landemerke som Slottstorget, Den kongelege vegen, og Marknadsplassen.   

    Middag på eiga hand.  
    (F) 

  • Dag 3: Torsdag 7. mai - Utflukt til Treblinka, vidare til Łódź

    Vi reiser med buss til Treblinka, ein av dei seks tilintetgjøringsleirane under Holocaust. Midt i den stille skogen får vi høyre historia om denne lågmelde, men grufulle staden. Minnesmerket med 17 000 steinar gjev ei sterk påminning om dei ufattelege tragediane som fann stad her. 

    På veg vidare stoppar vi ved stadar med massegraver eller andre historiske minnesmerke før vi køyrer vidare til byen Łódź, der vi sjekkar inn på hotellet. Resten av kvelden er ledig til å vandre rundt eller slappe av på hotellet før middag. 
    (F, L, M) 

  • Dag 4: Fredag 8. mai - Utforsking av Łódź

    Etter frukost skal vi utforske byen Łódź - kjent for sin tekstilindustri og sitt spennande urbane kulturmiljø.  

    Det første stoppet er den historiske jødiske gravlunden, som er blant dei vakraste og største i Europa. Gravlunden vart etablert i 1892 etter eit kolerautbrot og har over 180 000 graver. Under den tyske okkupasjonen frå 1939 vart gravlunden ein del av Łódź-gettoen (som nazistane omdøypte til Litzmannstadt). Her finn vi spor etter ei grufull historie, inkludert massehenrettingar og enkle gravmerke av metall og sement, i staden for tradisjonelle steinar. Mellom 1940 og 1944 vart anslagsvis 45 000 offer gravlagt her. 

    Vi vitjar Marek Edelman Dialogue Center, som har både faste og midlertidige utstillingar. Her samlast gruppa for å lære meir om Marek Edelman og Jan Karski – to av dei viktigaste motstandskjemparane under andre verdskrigen. Jan Karski, som var fødd i Łódź, dedikerte livet sitt til å varsle verda om Holocaust. Frå senteret går vi opp til Jan Karski Memorial Mound, der vi ser statuen av den modige diplomaten som forsøkte å få verda til å forstå katastrofen som utspelte seg. 

    Resten av dagen kan du nytte til å utforske Łódź. Dette er ei by som balanserer mellom fortid og notid. Med sine historiske bygningar, fargerike kulturarrangement og moderne uttrykk, gir byen oss ein unik innsikt i korleis gamalt og nytt kan smelte saman. 

    På kvelden blir det middag med gruppa. 
    (F, L, M) 

  • Dag 5: Lørdag 9. mai - Frå Lodz til Wroclaw

    Etter ein god frukost køyrer me til Wrocław, også kjend som byen med dei 100 bruene. Byen er ein av dei mest fascinerande historiske byane i Europa. Wrocław er kjend for sitt rike kulturliv, sin praktfulle arkitektur og ei spennande blanding av gamalt og nytt. 

    Etter ankomst utforskar vi denne sjarmerande byen med sitt middelalderpreg og dei mange små dvergskulpturane som er spreidde rundt i bygatene. I Wrocław står den nyrestaurerte White Stork Synagogue, eit levande minne om den jødiske historia i byen. Synagogen vart gjenreist frå ruinane av den norskfødde Bente Kahan, dotter av Holocaust-overlevande Herman Kahan, og hennar ektemann Aleksander Gleichgewicht, ein tidlegare dissident som flykta til Noreg. 
    Gjennom sitt arbeid har dei ikkje berre gjenoppliva eit historisk symbol, men òg skapt eit levande kultursenter som rommar interaktive utstillingar, konsertar og forteljingar om jødisk kultur. Gjennom personlege historiar og levande forteljingar frå Bente og Aleksander, får vi eit unikt innblikk i både den jødiske arven og dagens Polen. 
     
    Vidare kan du utforske ein av dei eldste byane i Polen, der du vil oppleve den unike atmosfæren i gamlebyen, kjend for sine fargerike husfasadar, historiske katedralar og kanalar som gir byen tilnamnet “Polens Venezia”. Ein kan besøke Rynek, den storslagne marknadsplassen som er hjartet av byen, og vandre gjennom smale gater fulle av historie.  

    Vi avsluttar dagen med felles middag. 
    (F, M) 

  • Dag 6: Søndag 10. mai - Vidare til Praha

    Etter ein god frukost byrjar me køyreetappen til Praha. På vegen tek vi turen innom den tidlegare konsentrasjonsleiren i Rogoznica, Gross-Rosen, der det også sat fangar frå Noreg. Vidare køyrer me til Swidnica, der vi vil besøke Fredskyrkja som står oppført på UNESCOs verdsarvliste.  
    Undervegs på bussturen fortel Guri om den kompliserte historia til Austerrike, og viktige personar og andre jødiske spor frå europeisk kultur. 

    Vel framme i Praha på ettermiddagen, sjekkar me inn på hotellet. Resten av ettermiddagen og kvelden står til fri disposisjon, der ein gjerne kan utforske byen, og det vert middag på eiga hand. 

    (F, L) 

  • Dag 7: Måndag 11. mai - Utforsking av Praha

    Etter frukost skal vi bli betre kjent med Praha. Program kjem snart!  
     
    Det vert fritid på formiddagen, og ein må gjerne utforske byen endå meir. Lunsj vert på eiga hand denne dagen.  

    Om kvelden samlast vi til avslutningsmiddag der vi kan dele inntrykk frå turen og nyte god mat i godt selskap. 
    (F, M) 

  • Dag 8: Tysdag 12. mai - Heimreise frå Praha

    Etter ein tidleg frukost tek vi farvel med Praha for denne gongen. Bussen vår hentar oss på hotellet og køyrer oss attende til flyplassen. 

    (F)  

Kart

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
5/5OsloWarszawaMeir enn 824 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo