
16. - 20. juli 2026.
På denne flotte turen med det klassiske cruiseskipet Ambience får vi med oss både britisk, nederlandsk og belgiske historie og kultur. Undervegs går vi i land og opplever små og store byar på begge sider av Den engelske kanalen.
I tillegg held den kjende historikaren, forfattaren og samfunnsdebattanten Hans Olav Lahlum foredrag om bord på skipet. Med sitt engasjerande språk og evne til å knyte trådar mellom fortid og notid, tek han oss med på ei spennande reise gjennom historia til desse tre landa. Lahlum har blant anna skrive boka Britiske statsministre 1900-2015. Fra Lord Salisbury til David Cameron i tillegg til ei lang rekke andre bøker, både sakprosa og skjønnlitteratur.
Reisa startar i England, før vi legg ut på eit cruise mellom hamner som har vore vitne til alt frå industrialisering og kolonitid til gjenreising og moderne velferd. I Nederland og Belgia møter vi land med stolte tradisjonar innan kunst, arkitektur og handel, og med ei historie som fortel mykje om korleis det moderne Europa vart forma.












































